Special Menu

Du er her:

Vågsøy satsar på meistring i skulen

Plakatar minner elevane på kva som er viktig.
I fjor haust starta skulane i Vågsøy kommune opp eit nytt prosjekt: «Glade menneske som meistrar i Vågsøyskulane». Fem barneskular valte å gå i gang med PALS-modellen.

– Elevane må involverast, skriv Ingunn Byrkjedal i eit innlegg i Fjordenes Tidende. Gjennom samtale, øving og praksis vil elevane med tida få PALS-verdiane under huda: Å syne respekt og ta ansvar.

Ingunn Byrkjedal er rådgjevar i Vågsøy kommune, og også PALS-rettleiar. Ho var sjølvsagt ein viktig brikke då skulane skulle i gong i fjor haust. Dei fem aktuelle barneskulane – Bryggja, Holvik, Raudeberg, Skavøypoll og Skram – deltok med alle tilsette  på eit kick-off-seminar ved skulestart, kor dei fekk lære meir om den skuleomfattande tiltaksmodellen PALS (Positiv Åtferd, støttande Læringsmiljø og Samhandling).

– Det er eit  spennande arbeid som pågår her i Vågsøy, med flinke PALS-team og veldig dyktige rektorar som veit betydninga av å få med seg heile personalgruppa si. Alle skulane  er godt i gong med arbeidet både gjennom direkte arbeid med elevane og med utprøving og erfaringsdeling i personalgruppene, sier Ingunn Byrkjedal til atferdssenteret.no

PALS gjeld fleire enn berre elevane

Plakatar minner elevane på kva som er viktig.Innføringa av PALS gjeld ikkje berre dei fem hundre elevane og dei hundre lærarane ved dei fem skulene. Det gjeld heile kommunen, med kommuneadministrasjon, politikarar og ei stor foreldregruppe, som sjølvsagt vil ha meiningar om skulene sine vegval. Dette er bakgrunnen for at PALS-rettleiaren ønsket å fortelje om PALS gjennom eit innlegg i lokalavisa, Fjordenes Tidende. Etter eit møte ho hadde med det kommunale foreldreutvalget, blei det beslutta å sende heile teksten hennar ut til alle foreldra. Ingunn deler den gjerne òg med andre. Sjå vedlegg til høgre på sida.

I innlegget fortel ho om målsettinga for modellen, som er å fremje elevane sin skulefaglege og sosiale kompetanse, å bygge eit godt psykososialt skulemiljø og å styrke læraren som klasseleiar. Gjennom strukturert opplæring og rettleiing skal skulane få auka kunnskap og kompetanse om kva som fremmer ein positiv skulekultur og eit godt læringsmiljø for alle elevar og alle tilsette.

Oppmuntring, ros og anerkjenning

Vidare skriv ho: Oppmuntring, ros og anerkjenning er sjølve bærebjelken om skulen skal lukkast med å gje elevane meistring, sosialt og fagleg. Dette gjeld ikkje minst elevar som kanskje strevar med å få det til, som ofte opplever korleis det er å ikkje meistre.

I PALS-modellen får dei tilsette konkret rettleiing i korleis dei kan bidra til å knyte band til sine elevar, og korleis dei kan legge til rette for at elevane knyter band seg imellom. Det merkast når ein kjem inn på ein skule som har lukkast med å utvikle ein raus og positiv kommunikasjonskultur.

Snakk hjelper lite

Ingunn Byrkjedal skriv at dette utviklingsarbeidet i skulane handlar om «samarbeid, tillit, om tilbakevendande samtalar om skulen sine behov og om korleis ein skulemodell kan vere eit dynamisk og nyttig rammeverk for arbeidet med skulen sitt læringsmiljø». Ho fortel vidare at nyleg publisert norsk forsking syner at PALS-modellen er verksam, og at den førebyggjer ulike typar problematferd og bidreg til at meir og mindre alvorleg problemåtferd i skulen vert redusert. 

Sentralt i arbeidet nett no er å stille dei rette spørsmåla: «Gjer vi det vi faktisk har planlagt å gjere?» Snakk hjelper lite, meiner ho. Det må handlast. På dette vippepunktet står skulane no. Ho har stor tru på at skulane vil strekke seg langt for å nå målsettinga: Elevane i Vågsøy skal både vere glade – og dei skal meistre ut frå sine føresetnadar.  Det handlar ikkje alltid om å gjere så mykje meir, men snarare om måten ein møter elevane og gjer ting på.

llustrasjon: Plakatar teikna av elevar og lærarar ved Haugen skule og barnehage og ved Kolset oppvekstsenter
Kjelde: Fjordenes Tidende, eit innlegg av Ingunn Byrkjedal, publisert 1.3.2016

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.