Special Menu

Suksessmøte om grensesetjing

Anne Margrete Vangsnes og Lisbeth Teigen Røssland.
– Det er ikkje noko genialt og nytt ved PMTO, men den er gjort matnyttig og satt i system, svara Anne Margrete Vangsnes og Lisbeth Teigen Røssland (bilete).

Den lokale nettavisa uskedalen.no var på plass da Kvinnherad kommune hadde invitert dei to PMTO-instruktørane til eit foreldremøte i Uskedalen. Etterpå skreiv nettavisas reporter at dei to fekk mykje ros for leiinga av møtet. Avisa meinte at FAU og skuleleiinga «skaut blink» då dei engasjerte dei to PMTO-instruktørane i kommunen til å snakke om grensesetjing.

Ein munter dialog

Frammøtet var bra, og møtet arta seg i stor grad som ein til tider svært munter dialog mellom sal og scene.

Metoden, som kjem frå Oregon i USA, har vist seg å verke godt i arbeidet med å betre samspelet i familiar med born og ungdomar med utfordrande åtferd. På møtet vart dette ikkje berre illustrert med ord, men òg med spenstig rollespel med lokale aktørar.

PMTO i korte trekk

Her er nokre av foreldreråda som vart referert i nettavisa uskedalen utvikling.no:

  • Faste, trygge rammer for borna
  • Stans uønskt åtferd så tidleg som mogeleg
  • Ver roleg, men bestemt
  • Konsekvensane må vere klåre på førehand for borna
  • Sats på positiv involvering
  • Ha tid til å lytte til barnet
  • Ha berre nokre få reglar
  • Forventningane må vera rimelege
  • Det skal vera tilsyn med positivt forteikn
  • Foreldra skal ha oversikt over fråvere
  • Ver tydeleg og bruk enkle ord
  • Unngå argumentering
  • Vel eit passande tidspunkt
  • Gje ein beskjed direkte

Foto: Ola Matti Mathisen

Les saken på uskedalen.no

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.