Special Menu

Du er her:

Evidensbasert eller ikkje evidensbasert?

Debatten om evidensbasert praksis verken er eller bør vere over, skriv filosofen Steinar Bøyum i «Nytt Norsk Tidsskrift». Her drøfter han evidensbasert undervisning, som – frå ein filosofisk ståstad ikkje er spesielt problematisk.

Fleire forskarar har drøfta problematiske sider ved evidensbasert undervisning (EBU), som til dømes at denne set lærarens skjønn til side. Men evidensbasering har i ein forstand vore «offisiell politikk» lenge, hevdar forfattaren. Den offisielle politikken har gått i spora til OECD, som lenge har vore opptatt av at utdanningsforsking skal bidra til evidensbasert praksis. Det ligg jamvel i strategien til Kunnskapsdepartementet, som gjennom systematiske kunnskapsoversikter får overblikk over kva som verkar og ikkje verkar i klasserommet.

Kva betyr evidensbasering?

Forfattaren vil korkje nytta ein for snever definisjon av omgrepet evidensbasering, eller ein for vid definisjon. Han seier at EBU i hans artikkel er undervisning som baserer val av metodar og program på resultat frå forsking, primært på randomisert kontrollerte studier (RCTs) og systematiske oversyn over slike.

Fire filosofiske argument

Steinar Bøyum ser i artikkelen sin på evidensdebatten i eit filosofisk eller prinsipielt lys, og drøfter fire filosofiske argument som har vore retta mot spesielt evidensbasert undervisning eller evidensbasert praksis generelt.

  • Argumentet som kritiserer EBU for å vere instrumentalistisk (Elliott 2001; Biesta 2007). Til det seier forfattaren at det er ingenting ved EBU som tilseier at ein skal behandle elevar berre som middel.
  • Argumentet som klandrar EBU for å sjå bort frå utdanninga sin normative natur (Carr 2001; Ekeland 2009). Forfattaren vedgår at det fins overordna spørsmål som ein ikkje kan avgjere vitskapeleg, fordi dei er normative. Og at det fins underordna spørsmål som ein ikkje treng avgjere vitskapeleg, fordi dei er trivielle. Men mellom desse to kategoriane fins det eit stort område der ein finn spørsmål som er langt frå trivielle. Her trengs forsking, hevdar han.
  • Argumentet om at EBU vil utradere læraren sitt profesjonelle skjønn (Utdanningsforbundet 2008; Steinsholt 2009). Eit dødfødt argument, hevdar forfattaren. Ein forsvarar av EBU treng ikkje å nekte for tydinga av skjønn, eller ville gjere skjønnet overflødig. Evidens står ikkje i motsetning til skjønn, men inngår som ein ekstra komponent i grunnlaget for utøvinga av skjønn.
  • Argumentet som hevdar at EBU undervurderer spørsmålet om kontekst i undervisninga (Phillips 2009; Smeyers 2009). Men å avvise EBU på basis av kontekst er som å setje vogna framfor hesten, meiner forfattaren. For å finne ut om noko som verker skuldast kontekst, må ein forske på kva som verker.

Ikkje prinsipielt problematisk

Hans tentative konklusjon er at EBU ikkje er spesielt problematisk filosofisk sett. Han underbyggjer også kvifor han meiner at dei beste argumenta mot EBU er praktiske, snarare enn filosofiske.

Det er rett og slett svært dyrt og tidkrevjande å byggje opp den type kunnskap som støttar ein evidensbasert praksis. Forfattaren trur ikkje, som Slavin (2002), at utdanningsvitskapen i det 21. hundreåret skulle kunne gjere dei same framstega som medisinen gjorde i det 20. hundreåret. I staden spør han: Kanskje pedagogikk verkelig er, som Kant sa, den vanskelegaste vitskapen av dei alle?                                                 

Kjelde: Nytt Norsk Tidsskrift 1−2013, Evidensbasert undervisning – eit filosofisk forsvar, side 69−78

Artikkelen kan kjøpast her

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.