Special Menu

Du er her:

Førebygging – så enkelt, så vanskeleg

Systematisk arbeid og førebygging er sentralt for utviklinga av gode læringsmiljø i barnehage og skule. Så enkelt, så vanskeleg.

Kva er det som eigentleg må til for å utvikle eit godt psykososialt læringsmiljø for barn og unge?

Dette freistar ein å gje nokre svar på i den nyleg publiserte boka: Inkludering og utvikling – førebyggande intervensjonar i barnehage og skule. Her er det evidensen som tel. Kva veit ein om kva som verkar og kva som ikkje verkar positivt i barnehagar og skular?

Boka, den første i ein serie på fire bind, er redigert av fire framståande fagfolk i Noreg.

Det sårbare barnet

Boka innleier med å setje det sårbare barnet midt mellom oss: Kvar dag stiller dei fleste barn i barnehagen og elevar på skulen med ei positiv forventing om gode møte med barn, unge og vaksne. Men midt i den glade flokken er det òg barn og unge som gruer for dagen i barnehagen eller på skulen. Dei kan kjenne seg utilpass og utanfor. Dei ser eit fellesskap dei gjerne ynsker å vere del av, men som dei av ulike grunnar står utanfor.

Korleis skal dei vaksne kunne gjere dagane betre for desse sårbare? Det gjeld å gje heile barnehagen, heile skulen, tilbod som verkar. Og å aldri akseptere å mislykkast i det førebyggande arbeidet.

Kunnskap og evidens

Også ved Atferdssenteret er ein opptatt av å sikra at dei tilboda ein gjev er grunna i kunnskap og evidens. To av redaktørane soknar til senteret, Ivar Frønes og John Kjøbli, sistnemnde melde riktig nok nyleg overgang til RBUP.

To andre av senterets fagfolk er òg med i dette fyrste bindet; Anne Arnesen, spesialrådgivar i utviklingsavdeling barn, og Mari-Anne Sørlie, forskar. Saman har dei to eit kapittel om PALS (Positiv Åtferd, Støttande læringsmiljø og Samhandling i Skulen). PALS er ein innsatsmodell for eit inkluderande, problemførebyggande og positivt læringsmiljø i skulen.

Dei to andre redaktørane er Helene Eng og Sigrun K. Ertesvåg.

Ungsinn

Helene Eng finn vi ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge nord (RKBU Nord), kor ho leiar redaksjonen i det vitskapelege tidsskriftet Ungsinn.

Her publiserast kunnskapsoppsummeringar om verknaden av innsatsar for førebygging og handsaming av psykiske vanskar for barn og unge. Også Atferdssenterets ulike program studerast med lupe av redaksjonen i Ungsinn.

Endringsarbeid i skular og klasserom

Sigrun K. Ertesvåg er professor ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

Ho har lang erfaring med implementering av ulike typar endringsarbeid for å betre det sosiale og faglege læringsmiljøet i skular og klasserom.

Hjelp til å gjere rette val

Kva må til for at ein skal kunne seie at tiltak har dokumentert effekt? Boka fortel om kriteria som gjeld. Intervensjonane må

  • vera tilgjengelege for praksisfeltet i Noreg

  • ha identifisert klare mål for endring

  • vere utvikla med ei tydeleg forankring i sentrale teoretiske perspektiv for dei typane vanskar dei er retta mot

  • ha ein tydeleg implementeringsstrategi som er forankra i teori om korleis ein skapar endring på det aktuelle feltet

  • vere evaluert i Noreg med forskingsdesign av høg kvalitet

  • ha gitt resultat som er publiserte i publiseringskanalar med fagfelleordning, helst internasjonale vitskaplege tidsskrift

Boka har fleire kapittel som beskriv ulike tiltak – eller intervensjonar – med påvist dokumenterte effektar. Ikkje berre PALS, men òg Olweus-programmet, Respekt, VIP, Zippys vener og Dei utrulege åra.

Forfattarane drøftar òg andre intervensjonar i barnehagar og skular i høve til kriteria for dokumentasjon.

Her får alle dei som arbeider med barn og unge hjelp til å gjere gode val, på forskingsbasert grunn, som kan styrke læringsmiljøet i barnehagar og skular.

Boka er på rundt 170 sider – og finst på både bokmål og nynorsk. Dei andre tre binda vil bli fortløpande publisert.

 

Ertesvåg, S. K., Eng, H., Frønes, I., & Kjøbli, J. (red.) (2016). Inkludering og utvikling – Førebyggande intervensjonar i barnehage og skule. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.